Johan Eilert (Johansen) 1890-1974 er opphavsmannen. Han budde i Hattfjelldal kommune all sin dag. I gardshistoria er han å finne under Pantdalslia, Bd VIe. Han gjekk vel då på folkeskulen i Susendalen rundt år 1900 og lærte seg å lese. Der hadde Johan Eilert nynorsk som opplæringsmål;  venteleg og fekk seg Bibel på landsmål.
Som gut vart Johan Eilert ”bortset som gjetar”, som dei då sa, og hamna hos snille folk på Fjellstua på Krutfjellet. Resten av livet vart han verande i grenda Fjellstua-Krutåga-Haugen/Haugtun og Kjemposen, til han levde sine siste dagar på aldersheimen nede i kjerkebygda i Hattfjelldalen. Han gjekk bort i året 1974.

Johan Eilert var hendt både med kniv og øks. Han forma ut av tre og laga ting. Folk minnest kasserolleunderlag, ”mannæ” og altså krokstavar med lange inskripsjonar skorne ut nedover.
Særleg hugsar dei at Johan Eilert var djupt religiøs og kongetru. Dermed er det ikkje uventa at utskjeringane hans var bibelord – på bramfritt landsmål frå om lag 1900. Lik eins møtte han opp på religiøse møte og var fast gjest når preikarar møtte opp og heldt andakt på gardar i grenda.
 Når det var kongebesøk nede i fjordbotnet, reiste Johan Eilert eins ærend ned; for han var det ekstra stort å få sjå kongen og medlemer av kongefamilien.

Stor takk til dei som har liknande krokstavar og har bidratt til oppklaringa:
Åge Erlandsen
Bodil Olsen Nermo
Berit Erlandsen
Frode Albertsen

 

(Men korleis ”vår” krokstav (frå Hattfjelldalen) hamna ved Bjønntjønna (i Grane), det veit vi ikkje..)